Klara er 100 år. Ho har eit tips til deg som vil leve lenge.

  • Jubilant: - Det er bra at sjukdommar begynner i den rette enden hos meg. Nokre kroppslege plagar her og der har eg ikkje unnslippe, men hovudet er intakt, smiler den blide hundreåringen.
  • Hundreårsklubben: Klara Antun og Mina Raknes er svigerinner og tremenningar. Dei bur tørrskodd frå kvarandre og har god kontakt.
  • Stolt barnebarn: Anita Antun Hansen og Klara Antun pratar om laust og fast. - Å ha ei farmor som Klara har betydd mykje i livet mitt, seier Antun Hansen.
  • Stolt barnebarn: Anita Antun Hansen og Klara Antun pratar om laust og fast. - Å ha ei farmor som Klara har betydd mykje i livet mitt, seier Antun Hansen.
  • Trivast på Osterøytunet: Klara Antun takkar snille og behagelege hjelparar på Osterøytunet. - Hadde eg berre kunne ha brukt beina mine, så hadde alt vore topp, seier Antun.
  • Stor søskenflokk: Bak fra venstre: Karl Olai Tvet, Sigvald Tvet, Framme fra venstre: Klara Antun, Malene, Marta, Unni og Maria (alle med pikenamn Tvet)
  • Fem generasjonar: Frå venstre: Britt Irene Eide (barnebarn) , Steffen Andre Brandt på fanget ( Klaras første Tippoldebarn. No snart 25 år), Klara Antun, Maria  Joramo (Klaras eldste dotter) og Cecilie Irene Brandt (oldebarn)

Klara Antun sin medisin er tilgjengeleg for alle.

Folk flest vil nok ikkje hugse året 1917. Indira Ghandi blei født. Finland lausreiv seg frå Russland sitt tsar-tyranni, medan Woodrow Wilson gjekk inn i sin andre presidentperiode i USA.

På Tveiten på Osterøy, ved Hamre, byrja Klara Antun (fødd Tvet) sitt innhaldsrike liv.

Her budde ho fram til ho var 20. Ektemann og felespelar Olav tok Klara med til Antun-garden ved Gjerstad etter dei lovde kvarandre truskap i Hamre kyrkje på slutten av 30-talet. Ho fortel om eit langt og hardt liv på garden. Sjølv hugsar ho alt som om det var i går.

Hundreårsklubben: Klara Antun og Mina Raknes er svigerinner og tremenningar. Dei bur tørrskodd frå kvarandre og har god kontakt.

Hundreårsklubben: Klara Antun og Mina Raknes er svigerinner og tremenningar. Dei bur tørrskodd frå kvarandre og har god kontakt.
- Eg har så mange minne at eg nok kunne ha skrive fleire bøker. Eg vaks opp under enkle kår der me ikkje gjekk svoltne, men ein måtte kjempe hardt for det daglege brød. Spesielt 7. mai 1945 minnest eg godt. Krigen var over, og me kunne klemme kvarandre som frie menneske igjen, seier den glade jubilanten til Bygdanytt.

Spesiell strikkeglede

I 2004 blei den flittige Gjerstad-buen kåra til "Årets namn" av Bygdanytt. Sjølv Kurt Nilsen måtte vike plass for den strikkeglade pensjonisten det året.

5550 par med raggsokkar blei sendt til trengande born i Moldova. Å strikke har ostringen gjort så lenge ho kan hugse.

- Eg strikka og strikka til eg ikkje greidde meir. Det er eit rart tal, men eg trur borna i Moldova har hatt bruk for dei. No har eg lagt strikkepinnane på hylla. På grunn av synet gjer eg så mange feil at resultatet ikkje blir bra, konstaterer Antun og viser fram det stolte "Årets namn"-beviset som heng på veggen.

Stolt barnebarn

Stor søskenflokk: Bak fra venstre: Karl Olai Tvet, Sigvald Tvet, Framme fra venstre: Klara Antun, Malene, Marta, Unni og Maria (alle med pikenamn Tvet)

Stor søskenflokk: Bak fra venstre: Karl Olai Tvet, Sigvald Tvet, Framme fra venstre: Klara Antun, Malene, Marta, Unni og Maria (alle med pikenamn Tvet)
Plutseleg kjem barnebarnet Anita Antun Hansen på besøk saman med sonen Daniel. Å få oppleve at farmora rundar 100 år er både inspirerande og imponerande. Særleg med tanke på kor mange historier frå gamle dagar hundreåringen fortel.

- Det er heilt utruleg kor mykje ho detaljert resiterer frå det lange livet sitt. Når eg treng råd eller inspirasjon, veit eg kven eg skal prate med, seier Anita og gir farmora ein god varm klem.

Klara blir og berre kalla for "mor" av familien.

Humor, ein vesentleg faktor

- Var det naudsynt å bli så gamal? spør Klara seg sjølv og ler godt.

- Har du nokon idé om kva som gjorde at du får oppleve din 100 års dag?

- Oj, det er jo litt rart. Eg er jo litt mållaus, men eg trur at det gode humøret mitt har hjelpt langt på veg. Om du ler mykje saman med gode vener og familie kan det påverke ein del. Å vere ute i naturen og i arbeid har nok også spelt ein rolle, slår ho fast.

Tipp-tipp glede

I dag sit Klara på Osterøytunet og gler seg til feiringa. Telegram frå Kongen, besøk frå born og ordførar står på programmet på den store dagen onsdag 15. februar.

Laurdag blir det ope hus med torader-musikk og festivitas. Gåver tenkjer ikkje den sprudlande ostringen mykje på.

Fem generasjonar: Frå venstre: Britt Irene Eide (barnebarn) , Steffen Andre Brandt på fanget ( Klaras første Tippoldebarn. No snart 25 år), Klara Antun, Maria  Joramo (Klaras eldste dotter) og Cecilie Irene Brandt (oldebarn)

Fem generasjonar: Frå venstre: Britt Irene Eide (barnebarn) , Steffen Andre Brandt på fanget ( Klaras første Tippoldebarn. No snart 25 år), Klara Antun, Maria  Joramo (Klaras eldste dotter) og Cecilie Irene Brandt (oldebarn)
- Eg ynskjer berre at alle kan koma. Eg har to born, 14 barnebarn, 31 oldebarn og 11 tippoldebarn. Det eldste tippoldebarnet er 25 år no. Om alle ikkje kjem, kan eg forstå det, men eg vonar at dei fleste stiller, informerar hundreåringen.

- Ein stor familie har du. Trur du at det kjem nokre tipp-tippoldebarn snart?

- Hehe, eg har stor tru på at eg kan få oppleve eit tipp-tippoldebarn. Kanskje eg bør gje nokon av tippoldebarna nokre kjerringråd på laurdag, ler Klara med eit lurt smil om munnen.

Råd til dagens ungdom

Med eit liv fylt av gode historier, hardt arbeid og enkle kår på gard, har 100-åringen eit klart ynskje for ungdommen i dag.

- Alt går så kjapt. I dag kan ein nesten ikkje fullføre noko før du må ta eit nytt kurs. Folk må ta seg meir tid til å leva. Då blir livet meiningsfylt, avsluttar Klara medan ho rullar inn til svigerinna Mina Raknes som har kome på visitt. Dei har store planar om å starte klubb for hundreåringane på Osterøytunet.

- Du får vere formann du, eg kan vere kasserar.

- He he, eg skal ikkje vere noko formann, men klubb skal det bli, svarer svigerinna humoristisk og sender eit varmt blikk mot den gode venninna.