Kommunen varslar om falske branninspektørar på Osterøy

- Ikkje slepp dei inn, åtvarar Osterøy kommune.

Osterøy kommune åtvarar innbyggjarane på øya fredag ettermiddag om folk som utgjer seg for å vera branninspektørar.

– Osterøy kommune har mottatt telefonar frå innbyggjarar som har fått besøk av folk som utgjer seg for å vera frå brannvesenet. Dei seier dei skal sjekke røykvarslar og brannslukkingsapparat osv. Dette er ikkje tilsette frå kommunen, skriv kommunen på sine heimesider.

Ikkje slepp dei inn

Osterøy kommune sender alltid ut informasjon om at dei kjem på tilsyn på førehand, og tilsette vil alltid då kunne legitimere seg.

– Dersom nokon skulle få besøk av nokon som utgjer seg for å vera frå brannvesenet, men ikkje kan legitimere seg eller de ikkje har fått melding om tilsyn, ikkje slepp dei inn i bustaden. Ta deretter kontakt med kommunen, oppmodar Osterøy kommune.

Kjent problem

110-sentralen i Hordaland opplyser til Bygdanytt at det har kome lignande meldingar i Fana i Bergen og på Sotra.

– Det er eit kjent problem, ja, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik.

Han fortel, i likskap med kommunen, at inspektørar frå brannvesenet ikkje kjem uanmeldt.

– Skal brannvesenet ha inspeksjon, så skal det alltid varslast på førehand. Dei skal òg gå i uniform og kunne identifisera seg, opplyser Drotningsvik.

Ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt har det ikkje kome meldingar om falske branninspektørar dei siste dagane.

– Dersom folk føler seg usikre, så er det berre å seia vent og ta ein telefon til brannvesenet for å sjekka. Viss det er noko som ikkje stemmer, så kan dei ta ein telefon til politiet, seier operasjonsleiar Morten Kronen.