Køyrde utfor ved Rolland

Ei kvinneleg bilist blei frakta til traumemottaket ved Haukeland sjukehus etter å ha køyrt utfor og rulla rundt ved avkøyringa til Gjerstad ved Rolland på Osterøy.

Det var kort tid etter klokka 15.00 søndag politiet fekk melding om ulukka.

Operasjonsleiar Morten Kronen ved Vest politidistrikt opplyser til Bygdanytt at kvinna blei frakta til traumemottaket ved Haukeland sjukehus, men han har ikkje informasjon om tilstanden til kvinna.

Ikkje glatt

- Ho var bevisst, men skal ha blødd frå hovud og hender. Ut over det kjenner vi ikkje til kva skadeomfang kvinna har, seier Kronen.

- Var det glatt der ulukka skjedde?

- Nei, det skal det ikkje ha vore. Ut over det kan vi ikkje seia noko om kvifor ulukka skjedde, seier Kronen.