Mangedobling for Lysefjorden mikrobryggeri

  • På beøsk hos Lysefjorden mikrobryggeri i Ytre Arna

    VIDEO: Ronny Bertelsen

I 2013 flytta Lysefjorden mikrobryggeri frå Os til Ytre Arna, og produksjonen av øl har mangedobla seg. I år legg bryggeriet opp til nesten å dobla produksjonen.

Det var Rune Birkeland, broren hans og nokre kompisar som i 2013 starta opp produksjonen av øl i Arna industrihus i Ytre Arna.

Men øl hadde han laga lenge før dette, men då på kjøkkenet heime. Ølet blei så pass bra at han ønskte å ta det eit steg vidare, og i år reknar dei med å produsera om lag 150 000 liter øl. Øl som ein dag finn både i ei rekkje daglegvarebutikkar og på Vinmonopolet.

Tidobla omsetnaden

Og frå å vera ein dugnadsbedrift med knappe 300 000 kroner i omsetnad og så godt som null i lønsutgifter i 2014, blei omsetnaden ti gonger høgare i 2015, med eit overskot på eit par hundre tusen kroner. Og fjoråret gjorde eit nytt kjempehopp i omsetnaden, men her er tala ikkje heilt klare.

For få veker sidan arrangerte bryggeriet ein pubkveld for første gong, og her var om lag 200 personar innom for å smaka på ølet dei lagar.

Og på fredag er det duka for nok ein pubkveld i lokala i industrihuset.

Sjå videoinnslag frå bryggeriet og intervju med bryggerimeisteren i toppen av saka.