Strippa skibygda for medaljar



Osterøy IL sine langrennstalent drog heim frå Voss med fem gull, fem sølv og tre bronse. - Vi har aldri hatt eit så bra krinsmeisterskap tidlegare, jublar lagleiar Øyvind Litland.


Klikk for større bilde
 - Preben Vik
KM-KONGE: Sigurd Braathen Reigstad (14) vann sprint og klassisk stil, og sytte for i alt to av 13 medaljar til Osterøy under helgas krinsmeisterskap på Voss.
Foto: Preben Vik


Publisert: 02. feb. 2010, 09:36
Oppdatert: 02. feb. 2010, 09:36


- Dette var litt av ein fangst, smilar Litland medan han ramsar opp alle helgas prestasjonar under krinsmeisterskapen (KM) på Voss.

Og det er mange å halda styr på. Laurdag var 18 OIL-løparar i sving under den kombinerte Viljarsprinten/KM. Søndag kjempa 16 av dei seg gjennom løyper, som var opp til 20 kilometer lange.

Firedobbel Braaten Reigstad
Sigurd Braaten Reigstad (14) og lillebror Håkon (9) gjentok suksessen frå førre helg, og sytte for at to gonger to gullmedaljar tok vegen heim til Osterøy. Medan Håkon framleis er litt for ung til å delta i KM, gjer Sigurd sine medaljar at han no kan rekna seg som dobbel krinsmeister. KM-gull blei det og til Eirik Mjelde på søndagens 15 kilometer.

Men 13 premieplassar totalt fortel framfor alt om at det er opparbeidd ei stor breidde i langrennstroppen til OIL.

- Utan tvil. I tillegg til medaljane er det mange som oppnår gode plasseringar. Dei som det er knytt ein del forventningar til, gjer det bra, og vi syner at vi er gode både på topp og breidde, seier Litland.

- Med så god utteljing i KM, må vel det vera eit teikn på at noko gjerast rett?

- Ja, KM er ein bra parameter, der alle stiller med toppa formkurve. Så vi overraska både den eine og den andre på Voss med resultata våre.

Tour de Ski
Sjølv er ikkje Litland overraska. Han meiner kontinuitet og god rekruttering er stikkord når han skal skildra suksessen.

- Kva er du mest imponert over etter helga?

- Johannes Langhelle har kome sterkt i det siste, og er berre tre sekund bak Sigurd. I tillegg er det jo eigentleg klassisk som er favoritten til dei fleste i laget. Det er imponerande at dei gjer det såpass bra i båe stilartar og distansar.

- Snakkar vi framtidige samanlagtvinnarar av Tour de ski?

- Ja, det kan du spørja om, ler Litland.

Bulken neste
Til helga er det nye renn på Bulken. Då satsar OIL på å stilla med 20 løparar på startstreken.

- Vi er den hordalandsklubben som har best snittdeltaking sesongen igjennom, seier Litland.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt