Har forsterka med fire klassespelarar på ei lita veke
Sist fredag vraka Kristoffer Bognøy (19) 2. divisjonspel i Fana til fordel for
hardt satsande Valestrand Hjellvik. Dei siste dagane har Mons-Arne Totland
Gillesdal (19), Joachim Borge Solberg (19) og eks Vidar-spelar Morten
Frøland (26) i tur og orden signert for sebrastripene frå Furubakken. Og då
er snart trenaren også i boks...
STORSIGNERING: Joachim Solberg (19) har signert for Valestrand Hjellvik. Den spelande backen er rekna som eit av de største fotballtalenta frå Osterøy. Her aksla han våren 2008 trøya til moderklubben på Hatland før han vart henta til Hovding, der han i år har spelt fast på 3. divisjonslaget.
Foto: Arkiv
KRIGAR: Robuste Mons-Arne Gillesdal (i gult) vil tilføra VHFK fysikk og duellkraft. — Planen er å scora mange mål, seier 19-åringen, som her er i aksjon for moderklubben Eid i 3. divisjon.
TILBAKE: Også Kristoffer Bognøy er tilbake på Furubakken.
Foto: Arkiv
Eg blir litt skuffa om vi ikkje rykker opp med det laget som klubben no har
fått stabla på beina.
- Ja, dersom eg blir samd med Ove´n (Håland, klubbformann, red. anm.) så tar
eg ein ny sesong, seier Jo Solberg.
- Og det er gjerne mogeleg å bli?
- Hehe, ja, sjå ikkje bort frå det...
Storfangst
Sist fredag stod jubelen i taket på Valestrand då det vart klart at
Kristoffer Bognøy vender nasen heimover etter eitt år i Fana. Måndag kveld
skreiv Eid-guten Mons-Arne Totland Gillesdal under på ein treårskontrakt, og
eitt døgn seinare følgde Joachim Solberg opp med sin signatur. Sistnemnde er
VH-trenar Jo Solberg sin nevø, og kjem til ferjebygda frå Hovding i 3.
divisjon. Alle er fødde i 1990, og rekna som store talent.
Den aller største fangsten kan likevel fort visa seg å bli 26-åringen som vart
klar for Valestrand Hjellvik i går kveld; Morten Frøland, som har fleire
sesongar bak seg i startopppstillinga til den tradisjonsrike
Stavanger-klubben Vidar. Etter å ha sett Frøland på trening dei siste vekene
er VHFK-trenaren full av lovord om sin nye playmaker.
- Han har fin teknikk, god innsats og ein fin pasningsfot. Han kan fort bli
ein publikumsfavoritt på Furubakken med dei kvalitetane, meiner Jo Solberg,
og samanliknar 26-åringen med to andre Furubakken-yndlingar; strategen Tom
Sivertsen og silkefoten Are Bryhn.
Både trenaren og klubbformann Ove Håland smiler breitt om dagen.
- Vi synest det er veldig gøy at vi får spelarar til å velja oss, og spesielt
positivt er det at vi no også får ei gruppe med unge, treningsvillige og
ambisiøse stortalent i rekkjene, seier Håland.
-Talent som kan nå langt
Joachim Borge Solberg er oppfostra i Osterøy IL og rekna som eit av dei
største talenta på Osterøy. Han gjekk til Hovding hausten 2008, og har i år
spelt fast i forsvarsrekkja til kvittrøyene på andre sida av Sørfjorden.
- Joachim er av dei spelarane frå kommunen som kan nå lengst, meiner Jo
Solberg.
- Som fotballspelar har eg lyst til å sjå kor langt eg kan nå, seier
nykomaren.
Merkelappen frå onkelen lyder:
- God fotballforståiing, utruleg treningsvillig, gir alltid hundre prosent,
stålkondis - ein solid forsterkning.
-Spelande back
Før han gjekk til Hovding spelte han mest på kanten for Osterøy. Trenaren vil
etter alt å døma behalda han i rolla, men aktar å dra nytte av 19-åringen
sine offensive eigenskapar.
- Joachim er ein spelande back. Løpskapasiteten er ein av hans styrker, og vi
må sleppa han oppover, seier trenaren.
At nettopp Jo´en er trenar for laget var medverkande til at Joachim valde å
skriva kontrakt. Han spelte under onkelen på guttenivå i Osterøy IL - eit år
Joachim karakteriserer som «eit av dei gøyaste på fotballbana».
Ein annan grunn var ønsket om korta ned reisetida i kvardagen. 19-åringen
avtener for tida verneplikta på Haakonsvern, og med bustad i Lonevåg er det
kortare til trening på Furbakken enn Leikvang.
Sist, men ikkje minst ser Joachim Solberg stort potensial i mannskapet til
Valestrand Hjellvik.
- Eg blir litt skuffa om vi ikkje rykker opp med det laget som klubben no har
fått stabla på beina. Det er eit veldig spennande lag, og eg ser fram til å
koma skikkeleg i gang, seier ungguten til Bygdanytt.
-Mange mål er planen
Alt som 16-åring debuterte Mons-Arne Totland Gillesdal på A-laget til Eid i
3. divisjon. Der spelte han fram til han fjor haust byrja på skule i Os. Der
var han også del av fotballklubben som i år frårøva Valestrand Hjellvik
opprykket til 3. divisjon. Når han no skal visa seg fram på Furubakken
forsikrar 19-åringen:
- Eg har ikkje hjartet mitt i Os. Eg er spent og gledar meg til å spela for
Valestrand Hjellvik.
På skulen i Os trefte han VHFKs Ole Morten Tysse.
- Det var han som lokka meg med på trening, forklarar Gillesdal, som no bur på
Landås.
Under showkampen mellom supportarane og A-laget før årsfesten 14. november
spelte 19-åringen for supportarane. Mons-Arne scora også mål, og det er noko
han aktar å halda fram med når han akslar den svarte og kvite trøya og
alvoret byrjar i 2010.
- Planen er å scora mange mål, seier ungguten som har spiss- og sentral
midtbane som sine favorittposisjonar.
-Tilfører oss fysikk
Trenar Jo Solberg ønskjer derimot å bruka tid på å kartleggja kvar nykomaren
vil gjera best nytte for seg.
- Mons-Arne har kvalitetar som gjer at han kan brukast fleire plassar på bana,
seier Solberg.
Sjølv karakteriserer Eid-guten seg som ein tøff spelartype - ein som jobbar
hardt og trør til i duellane.
- Det verkar som han har ein dimensjon i høve til det fysiske, som vil kanskje
har mangla litt, påpeikar trenaren.
Med 185 centimeter på strømpelesten og bakgrunn som høgdehoppar, kan han bli
eit våpen på dødballar - begge vegar.
- Han vil garantert få prøva seg både på topp og i andre posisjonar. At
Mons-Arne er ein spelar som vil bli brukt i løpet av sesongen, er det ingen
tvil om, seier Solberg.
Eit halvt lag sterkare
Midtvegs i 2009-sesongen forsterka VHFK med Magnus Opheim og Tom Sivertsen.
Medrekna dei fire nysigneringane, vil dei svarte og kvite stilla til
seriestart i 2010 med seks fleire solide spelarar enn tilfellet var i april
i år.
Sjølv om Torgeir Rud tel på knappane, Øyvind Tysse slit med fotballhelsa og
Trygve Nilsen er ønska av Arna-Bjørnar, har ingen så langt blitt stadfesta
på veg bort frå Valestrand Hjellvik.
I fjor vart unggutane Glenn Torgersen og Trygve Bru Reigstad innlemma i
stallen og gitt speletid i ein alder av 16 år.
- Dette er spelarar vi ønskjer å utvikla vidare, seier Jo Solberg, som no får
flytta opp ein ny junior han karakteriserer som «veldig bra» - Simen
Kallekleiv.