Se for deg dette scenariet:

Det lokale favorittlaget ditt spelar kamp. Du har ikkje tid til å gå på kamp akkurat den dagen, men er spent på resultatet. Det får du straks kampen er ferdig, for spelarane skryt av sigeren frå garderoben på Facebook. Og eigentleg hadde du for lengst skjøna at det kom til å verte tre poeng i dag. Venninna di har jamnleg sendt deg små snuttar frå kampen via Snapchat.

At du omgjev deg med teknologi, og at informasjon flyt friare enn før, merker vi i Bygdanytt godt. Det gjer at vi må tenkje nytt, jobbe på nye måtar og lage andre saker enn vi gjorde før.

Kampreferat i avisa dagen etter, for ikkje å seie to dagar etter kampen er over, er ikkje det det ein gong var.

Over tid har vi sett at for den mest tradisjonelle delen av sportsstoffet vårt, har interessa vore laber. Andre deler av sportsstoffet vårt er det stor interesse for, og er mellom det stoffet som vert mest lest.

Vi set derfor i gong eit prosjekt der vi skal fornye sporten i Bygdanytt. Vi vil at fleire skal lese sportssakene våre. Du vil i første omgang leggje merke til at den blåturkise sportsvignetten er borte frå papiravisa, og at skrifttypene er endra.

Eirik Langeland Fjeld er redaktør i Bygdanytt.

I neste omgang vil du merke at innhaldet i sporten er endra. Vi vil stramme inn deler av stoffet vårt, slik at det berre handlar om nyheitet. At en høgdehoppar hoppar høgde er inga nyheit. Men fell han og blir borte resten av sesongen, er det ein nyheit. Set han rekord er det ein nyheit.

Samstundes ønskjer vi å skape større bredde i sportsdekninga vår, og inkludere trening, mosjon, kosthald og helse. Her er det óg rom for saker som har meir magasin-preg.

Bygdanytt-sporten har ei eiga side på Facebook. Klikk deg inn og sjekk ho ut. På denne sida vil du framleis finne avissakene om sport i Arna og Osterøy, men vi ønskjer óg å nytte ho til små meldingar som vi ikkje lager tradisjonelle saker på.

Send oss gjerne resultat, notisar, bilete og anna på sport@bygdanytt.no.

Dersom du er arrangør og har eit tips om kvifor Bygdanytt bør komme på ditt arrangement, gje lyd frå deg. Er halve laget skada, er det venta rekord i talet deltakarar i bakkeløpet eller skal kapteinen gifte seg i pausen? Tips oss!

Om du har ønskjer om, eller synspunkter på, kva sportsdekninga i Bygdanytt skal vere set eg pris på om du sender meg nokre linjer.

Eirik Langeland Fjeld, redaktør