– Når ein nærmar seg 60 så er det ikkje lett å finne seg arbeid, men eg har no vore med på å flytte til dei nye lokala her i Lonevåg, fortel Atle (55) frå Osterøy. Han er ein av 20 meir eller mindre trufaste brukarar som gjestar Kroken i Lonevåg. Foto: Anders Totland

Kroken – staden for tunge skjebner og dei gode samtalane

– Kroken er det nærmaste eg kjem ein stad der eg kan snakke med normale menneske, fortel ein av rundt 20 aktive brukarane av Kroken på Familie- og omsorgsenteret i Lonevåg.