Me konstaterer at Tom Sverre Tomren no har skifta parti, og er nøydd til å posisjonere seg inn mot nominasjonsprosessen i Krf. Me vil difor ynskje Tomren lukke til, og vonar at KrF har lese oppslaget og syter for at Tomren får ein plass på lista. Tomren har derimot bomma på frekvens med kritikken sin. Han har gjort ein god jobb som prest, og har nok vore opptatt med mykje anna enn å følgje med på kva som skjer i Osterøy-politikken dei siste åra. Difor er det ikkje det valtekniske samarbeidet mellom Frp og Ap som er problemet.

Rett nok sikra Frp at Ap fekk inn to medlemmer i utvalet, samt at Øyvind Litland vart nestleiar. Me fekk difor 1. varamann, Ap 2. vara og Frp fekk 3. vara.

I dei sakene der Frp har fått reint fleirtal i utvalet, har altså ikkje Ap sin vararepresentant kunne møte til utvalet. Dette kan ikkje me ta noko ansvar for, men har forståing for at det er frustrerande for dei andre partia når dette skjer. I andre høve har Ap sete rundt bordet med tre medlemmer og Frp ein medlem. Slik vil det være når vallova er slik den er.

Johannes Bysheim skriv mykje fornuftig i sitt innlegg. Me er samde i dette, og vil takke Ap for eit konstruktivt samarbeid i mellom anna budsjettarbeid og i mange andre større saker. Me er ulike som parti, men me greier å finne dei tinga me er einige om. Dette er det lokalpolitikk skal og bør handle om. Me er einig om dei tinga me er einig om, og ueinig der me er det.

Forskjellen mellom partia kjem mest til syne i plansaker i vår kommune. Det er det ingen tvil om. Dette er og saker der Frp bruker enormt med tid i førebuinga, for å ta kontakt med folk, lese seg opp på regelverk, kontakte andre kommunar med meir.

Difor er det frustrerande for oss når me ser i sak etter sak at me må sende saka til fylkesmannen for å få eit riktig utfall i saka. Slikt blir det dårleg stemning av.

Me har spesielt opplevd at klimaet fekk ei voldsom endring etter handsaminga av «Mjeldalsaka». Denne saka vart etter mykje om og men, samrøystes stemt gjennom utvalet. Altså stemte alle parti for at vedtaket skulle stå. Fylkesmannen stadfesta og dette.

I saka på Votlo (frådeling) var det ikkje Frp som hevda at Ap sine representantar var inhabile. Dette kom som ein konklusjon frå fylkesmannen. Skal me då sitje stille sjølv om me veit at det som skjer er feil?

Korleis vert då lokaldemokratiet si utvikling framover?

Me kan og vise til ei sak på Bruvik, der ein familie søkte om å få bygge på huset sitt. Saka var etter mykje rabalder med riksantikvaren komme til politisk handsaming. Her hadde me eit framlegg som me hadde sjekka ut juridisk og som ville gje dei dette huset. Dei andre partia ville og gje familien huset, men ville endre hustype. Noko rådmannen meinte ville gå greitt utan å kludre til saka. Men den gang ei. Vedtaket gjekk på endring, og dermed var det fullt kjør med riksantikvar og heile pakken igjen. Om dei nokosinne får bygd på huset er det ingen som veit. Me visste dette ville skje, men ingen ville høyre på oss. Og administrasjonen forvilla fleirtalet i ei sak som kunne vore kurant. Skal me sitje roleg og sjå på at ein slik feil skjer?

Fleire saker etter jordlova og/eller konsesjonslova har endåtil måtte gå heilt inn til landbruksdepartementet før saka har enda. Dette hadde vore unngått med riktig handsaming frå starten av. Då har klagar fått medhald i saka si, og kommunen ei salig advokatrekning.

Planutvalet er det utvalet der det krevst størst kjennskap til lovverket. Mellom anna forvaltar dei viltlova, plan og bygningslova, jordlova, konsesjonslova med meir. Difor er det viktig at dei som sit her har ein viss kjennskap til dette lovverket. Frp har folk som sete i årevis på fylkestinget og handsama slike saker. Han har og sete i fylkeslandbruksstyret og handsama klagesaker for kommunane i Hordaland i meir enn 8 år.

Me ser at det er eit problem for innbyggarane med korleis sakene i planutvalet vert handsama. Dette er eit demokratisk problem og gjev innbyggarane usikkert utfall for saka si. For Frp sin del inneber feil handsaming, at me må sende mykje fleire lovlegkontrollar til fylkesmannen for å få rett utfall i saka. Det kan me gjerne, men det er ikkje slik ei sak skal handsamast. Me ser og at det er ein meirkostnad for kommunen når sak etter sak vert tapt hos fylkesmannen, og kommunen må dekke advokatkostnader og andre kostnader. Slikt kan me ikkje halde fram. Dei fleste sakene der kommunen må inn og dekke advokatugifter kjem frå planutvalet. Og er eit resultat av feil handsaming eller manglande kompetanse i utvalet. Dette har me ikkje råd til å halde på med, og det er ikkje rett ovanfor innbyggarane våre.

Me ser difor ikkje noko anna forslag til løysing enn å føreslå å avvikle planutvalet fram til kommunevalet neste år. Då kan me vurdere å opprette utvalet på nytt med ny leiar, ny kompetanse og ny samansetning.

Osterøy FrP