Me er tilsette i pleie og omsorg i Osterøy kommune. Det er med fortviling me ser det som no blir gjort ift. omorganisering i sektoren.

Alle tilsette fekk i mars e-post om omorganisering. Dette grunna innsparingar. Med dette skulle det følgje omplassering og oppseiingar etter ulike kriterium (kompetanse-ansiennitet- midlertidige stillingar-faste stillingar).

I april fekk me invitasjon til å delta på informasjonsmøte, leia av Øystein Aadland og Nina Kvamme. Tema var økonomi, omorganisering, og det vart snakka om kommunesamanslåing.

Grunna omorganisering på grunnlag av innsparingar, vart difor noverande turnus oppsagt. Ny turnus skal tre i kraft til hausten.

Prosessen er no godt i gong.

Dei høgskuleutdanna har blitt plassert. Det same har dei fagutdanna. Assistentar har nyleg fått innkalling til samtale. Dette for å få meir informasjon.

Kommunen har fokus på auka kompetanse, og det tykkjer me er riktig.

Dette burde ha vore ein prosess som gjekk over tid for å skåna brukarar, og gje tilsette sjansen til å skaffa seg relevant utdanning.

Det me derimot opplever no, er at tilsette som har gått i mange år ikkje får tid på seg til å innfri krava kommunen plutseleg har satt.

Mange av oss blir erstatta av fagfolk, som skal overta brukarar me har kjent over lang tid.

Slik at hovudtyngda for brukarane vert nytt personale.

Det er ei valdsam handling som ikkje kan vera særleg godt gjennomtenkt.

Me tenkjer mykje på brukarane, dei mest sårbare i samfunnet. Korleis vil dei reagera?

Plutseleg forsvinn mange av deira kjende personale, og blir erstatta av nytt personale.

Kva vil konsekvensane bli?

Ein kan jo tenkje seg sjølv inn i deira situasjon. Den situasjon er ikkje god.

Me tykkjer ikkje det etisk riktig, eller forsvarleg, å gjennomføre omorganiseringa på ein slik måte som no blir gjort.

Helsefagarbeidar er erstatta med nytt personale med same kompetansen i bufellesskapa.

Med dette meinast at kommunen har flytta fagarbeidarar frå bufellesskap der dei er kjende, til eit anna bufellesskap der dei ikkje er kjende. Dette utan å ta omsyn til at mange års kjennskap mellom brukar og tilsett.

Kor er logikken i dette?

Burde ikkje stabilitet for brukarane bety noko?

Korleis kan kommunen forsvara dette overfor brukar?

Brukarane mista mange, og må forhalda seg til mange nye. Det er forståeleg at folk skiftar jobb innimellom. At nokon kjem, og nokon går. Men når store delar av næraste omgangskrins til brukarane forsvinn over natta pga. manglande fagleg forståing i leiinga, er det særs uheldig for brukarane som blir uskyldig lidande.

Me tykkjer det som skjer er eit brot på helse- og omsorgstenesta sine krav om forsvarlege tenester. Dette grunna at det er uforsvarleg å ta vekk så mange kjende tilsette samstundes.

Mange av oss har jobba i mange år, og har lang erfaring og kjennskap til den enkelte brukar. Dette har danna stabilitet og eit godt opparbeida tillitsforhold. Noko som igjen gjev eit vesentleg grunnlag for tryggleik.

Det står riktig nok i helse- og omsorgstenesta sine krav at den faglege kompetansen skal vera på plass, men det står også at kommunen kan visa skjønn.

Kommunen kan altså organisera på ein slik måte at den faglege kompetansen er til stades, sjølv om ikkje alle har den.

Realkompetanse kan vektleggjast, og det same burde personleg eigenskap.

På spørsmål kring korleis kommunen sparar pengar på omorganiseringa, var svaret frå leiinga at formålet er delt. Kommunen gjer det for å auka kompetansen, og innsparingar vil skje via nye turnusar. Me skulle gjerne sett dette reknestykket.

I tillegg så ser me at det er utlyst ei ny stilling. På Osterøy kommune si heimeside kan me lesa at det vert søkt etter miljøterapeut i eit av bufellesskapa våre. 100% fast stilling, for primært vernepleiar.

Kan ein, med loven i hand, gjera slikt når det er omorganisering og oppseiingar?

Me kan ikkje stå taus og sjå på denne uretten som blir gjort overfor brukarar og tilsette.

Mange av oss har gitt beskjed til leiinga kva me tykkjer.

Det går an å spara, og auka kompetansen, utan så ekstreme tiltak som dette.

Me oppmodar kommunen til langsiktig tenking, både med omsyn til økonomi og fagleg forsvarlegheit.