Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at Vegdirektoratet har godkjent fråvika på Trengereid og Vaksdal, og dermed er silingsrapporten no klar.

Dette er gjort i samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), som er planmynde på denne statlege reguleringsplanen.

– Det er særleg krysset på Trengereid som har vore utfordrande for å få til ei god og trafikksikker utforming. No har vi ei løysing som Vegdirektoratet gir fråvik på – og det er vi svært nøgde med, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm.

Vurdert mange løysningar

Søderholm fortel at silingsrapporten har ein omfattande gjennomgang av ulike løysningar på strekninga mellom Arna og Stanghelle, og at arbeidet har vore utfordrande.

– Det har difor vore nødvendig å ta ei grovsiling og til slutt ei finsiling på ulike alternativ. Resultatet av dette arbeidet er at vi no sit att med eit gjennomgåande alternativ frå Arna til Stanghelle på veg og bane. Det er dette alternativet vi tilrår det blir utarbeidd reguleringsplan for, seier Søderholm.

Tog

Det tilrådde alternativet for jernbane går frå Arna stasjon i tunnel med dobbeltspor direkte til ny stasjon i dagen nær E16 på Vaksdal. Vidare i tunnel frå Vaksdal til ny stasjon sentralt plassert på Stanghelle, og tilknyting til dagens spor like nord for Dalevågen.

Illustrasjon av korleis VB1 ligg i eksisterande kryssområde ovanfor Trengereid. Foto: Statens vegvesen

På Trengereid blir det etablert fullt kryss med vestvendte og austvendte tunnelramper i fjell. Vidare med to felt i tunnel frå Trengereid til Vaksdal.

På Vaksdal blir det ei kort dagsone parallelt med ny jernbanestasjon, og lokal tilknyting med to halve kryss i fjell.

Ferdig i løpet av november

Frå Vaksdal går vegen i tunnel til Helle der E16 koplar seg til dagens veg. Reguleringsplanen som no skal utarbeidast må ta høgde for areal både til midlertidig tilknyting ved endepunkta, og eit framtidig fullt utbygd vegsystem.

Prosjektleiaren seier vegen vidare er at planprogrammet vil vere ferdig i løpet av november, og bli sendt til godkjenning i Vegdirektoratet og vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som vil legge planprogrammet ut på høyring.

Vedteke planprogram er grunnlaget for utarbeiding av reguleringsplan.