Foto: Privat

Den 250 år gamle prestebrua i Haus stod i fare for å rase saman.

Foto: Privat

– Innan få år hadde ho berre forsvunne ut i elva, seier restaureringsekspert Kjetil Monstad.

Foto: Anders Totland

Heldigvis visste Haus kulturminnelag råd, men kor i all verda skulle dei få 900.000 kroner frå?

Foto: Anders Totland

Men, når kloke hovud set seg saman for å berge bygda si prestebru, så går det ofte bra.

Foto: Anders Totland

Saman med ein makker skal Kjetil, stein på stein, setje saman prestebrua. – Eg håpar å bli ferdig til 1. juli, fortel hausingen.

Stein på stein for å berge prestebrua i Haus

Med nesten ein million kroner i boks og lokale eldsjeler, så er den ærverdige prestebrua i gode nevar. – Dette er ei gåve til Haus og heile Osterøy, stråler leiaren i kulturminnelaget.