Møterekka er eit samarbeid mellom Osterøy bilbiotek og Bygdanytt. Foto: Osterøy bibliotek

På torsdag 28. januar går første utgåve av Bygdapraten av stabelen.

NB! Arrangementet vert heildigitalt, og vert overført direkte på Bygdanytt.no for abonnentar.

Bygdapraten er ei møterekkje på, i første omgang, fem møte. Dei vil gå den siste torsdagen i månaden til og med mai, og er eit samarbeid mellom Osterøy bibliotek og Bygdanytt. Møterekka er støtta av Fritt ord.

Det første møtet (på torsdag førstkommande) vert heildigitalt. Dette er av omsyn til korona-situasjonen.

Møte 1: Direktesendt intervju og debatt: Fattige kommunar - må det vere slik?

  • Torsdag 28. januar

  • Tema: Kommune-økonomi og eit gryande opprør i periferien

Er kommuneøkonomien på fattigkassa? Eller er det for mykje syt frå kommunane, som har vorte for kravstore? Eller det innbyggjarane som krev for mykje av kommunen?

Og: er det eit nytt distriktsopprør vi ser starten på i Noreg no, der den gamle konfliktlina mellom sentrum og periferi har fått nytt liv?

Ser vi eit nytt distriktsopprør i Noreg? Foto: siramatt1988 / Istockphoto

Det vert intervju av, og ordskifte mellom, éin representant frå kvart av dei åtte partia som er representerte i heradsstyret på Osterøy.

I tillegg politikarane, er desse inviterte til å bidra:

* Osterøy-rådmann Ingvild Kirsti Hjelmtveit * forskar Eirik Magnus Fuglestad frå Ruralis (Institutt for rural og regionalforskning) og medredaktør av boka “Distriktsopprør - periferien på nytt i sentrum”.

Aktuelle spørsmål:

* Korleis er den økonomiske stoda på Osterøy? * Og kvifor er ho slik? * Kva kan gjerast med økonomien? Har vi ein medisin? * Kva gjer trong økonomi med lokaldemokratiet? * Gjer slunken kommunekasse at skilnadene mellom partia vert viska ut?

Og:

* Ser vi eit nytt distriktsopprør i Noreg? Eller rettare, mange distriktsopprør? * Korleis artar desse opprøra seg? Og kva kan dei føre til?

Eirik Langeland Fjeld er vert og intervjuar/ordstyrar.

Forfattar Siri Helle Foto: Marit Brennset

Møte 2: Forfattarbesøk med Siri Helle

  • Torsdag 25. februar

  • Tema: Har koronaen vist oss at vi må klare oss meir sjølv?

I si nyaste bok, «Med berre nevane», tar Siri Helle til orde for det praktiske arbeidet. Ho skriv om kvifor ein blir litt klokare av å kunne skifte dekk på bilen, eller strikke eit plagg. For å setja ord ut i handling bygger ho ein utedo – med brakakledning!

Mimir Kristjansson har skrive boka «Mamma er trygda». Her er han på Rødt sitt landsmøte i 2019. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Møte 3: Forfattarbesøk med Mimir Kristjansson

  • Torsdag 25. mars

  • Tema: Velferd - Sosialstønad og trygd - hjelp eller pisk?

Forfattar og politikar Mimir Kristjansson besøker biblioteket for å snakke om boka «Mamma er trygda». Den handlar om mor hans som på grunn av langvarig sjukdom ikkje har kunna ha ein jobb.

Dag Hareide har skrive boka «Mennesket og teknomaktene». Her er han på eit arkivbilete frå 2013. Foto: Berit Roald / NTB

Møte 4: Forfattarbesøk med Dag Hareide (og forskar Tom Skauge)

  • Torsdag 29. april

  • Tema: Industri - Teknologi i samfunnet - Robotar og hinsides

Dag Hareide er aktuell med boka «Mennesket og teknomaktene». Dette er den første boka på norsk som presenterer dei viktigaste teknologiske gjennombrota i dette århundret, heiter det i ein presentasjon.

Teknologisk aften! Høyr korleis teknologien alt no endrar liva våre. Både på Osterøy og ute i verda. (....)

I den nye boka si, «Mennesket og teknomaktene», viser Dag Hareide fram dei mest banebrytande teknologiske gjennombrota me kan venta i næraste framtid, og drøfter kva dei vil gjera med oss.

Kunstig intelligens konkurrerer ut menneska si intelligens. Genredigering endrar menneske og dyr. Hjerner vert kopla til datamaskinar. Autonome robotar køyrer bil og drep i krig. Vi forstår at det vil forandre framtida dramatisk – men skjønnar me kor det bér?

Med oss har vi óg Tom Skauge, forskar ved Høgskulen på Vestlandet. Skauge kjenner godt til Osterøy, og har mellom mykje anna undervist i innovasjon og leiing. Undersøkingane hans, med utgangspunkt i verksemder på Osterøy, syner at automatisering ikkje nødvendigvis tyder rasering av arbeidslivet.

Maja Lune har mellom anna skrive boka «Bienes historie» og er aktuell med koronadagboka «De første dagene». Foto: Vidar Ruud

Møte 5: Forfattarbesøk med Maja Lunde

  • Torsdag 27. mai:

  • Tema: Korleis leve med ei usikker og dyster framtid?

Maja lunde har skrive ei rekke bøker kor ulike dystre framtider får spela seg ut. Insektdød, tørke, og artsutrydding i stor skala.

Våren 2020, når land etter land blei lukka og media blei fylt av smittetal, måtte ho leggja arbeidet med ein fjerde dystopisk roman til sides.

Kva kan ein forfattar som har fordjupa seg i alt som kan gå gale, seia oss om å forholda seg til ei usikker samtid?

­­­­­­­­­­­­­—

Biblioteksjef på Osterøy, Henrik Carlsen. Foto: Anders Totland
Ansvarleg redaktør, Eirik Langeland Fjeld. Foto: Odd Mehus

Arrangementa kan verta endra, flytta, gjennomførte fysisk eller digitalt - alt etter korleis korona-situasjonen utviklar seg.

Møterekka Bygdapraten vert gjennomført som eit samarbeid mellom Osterøy bibliotek og Bygdanytt, med stønad frå Fritt ord.