Lesarreportasje: Marås 4H, Samhald II 4H, Team Flatøy 4H og Vennskapsporten 4H frå Nordhordland og Osterøy var sjølvsagt med når 1000 ungdommar frå heile landet storkoste seg på leir 21.-28. juli.

– Eg veljar å bruka sommaren på leir, for det er så mange fantastiske folk som du møter og har møtt frå før, og det er utruleg sosialt og fint, seier Jakob Johan Birkeland Solberg (19) frå Vennskapsporten 4H.

– Eg har det fantastisk på leir, fordi møter gamle venner, gjer på mykje kjekt og det er ein fin måte å bruka ferien på.

Leir er livet

For mange 4H-arar er det å reisa på leir utvilsamt høgdepunktet, og landsleir er noko heilt spesielt. I år var meir enn 1000 ungdommar og vaksne samla på Øksnevad vidaregåande skule i klepp kommune i Rogaland.

Leirdeltakarane kjem frå absolutt heile landet, frå Finnmark i nord til Agder-fylka i sør.

– Det er så kjekt på leir, veldig veldig kjekt!, seier Janniche Næss Bergå (18) frå Samhald II 4H.

Mottoet til 4H er «læra ved å gjera». Foto: Privat

Ho brukar sommaren på leir fordi det skapar så mange opplevingar ein ikkje får gjort andre plassar.

– Eg møter fantastiske folk som eg utan tvil vil tilbringa sommaren i lag med.

Sushi og slakt

I løpet av veka leiren varte var ungdommane gjennom eit variert og aktivt program. Mottoet til 4H er «læra ved å gjera», og dei som ville fekk læra å laga sjokolade eller sushi, spela handball, legga fabelaktig sminke, slakta eller laga gongkaker.

Ungdommane frå Nordhordland/Osterøy var med på mellom anna bølgjesurfing, kanotur, tur til preikestolen, sjokoladefabrikk, shopping på kvadrat og sminkekurs.

Heile fylket i sving

Det var 4H Rogaland, med sine 37 klubbar, som var arrangør for årets landsleir. Landsleiren arrangerast annakvart år, og den går på rundgang mellom fylka.

– Me har hatt folk frå alle krikar og krokar av Rogaland i sving for å laga leir, og me er svært stolte av leiren vår og alle kjekke ungdommane som har vore her denne veka, seier leirsjef Asle Østbø.

Teksten er skriven av Synne Røthe Sandal, fylkesmediakontakt for 4H Hordaland.