– I og med at Kulturdagen i Ytre Arna ikkje blir noko av, skal me likevel slå på stortromma og levere herleg kammermusikk til folket. Me skal for første gong arrangere ein digital konsert - i fleire av Oleana sine hallar, kor musikarar i mindre kohortar skal spele i lag.

Det fortalde styreleiar i Arne Musikforening, Nina Rolland, til Bygdanytt då me tok turen til Oleana for å møte dei glade musikantane.

Korpset byr på mellom anna Grieg, Brahms, Beethoven og Tchaikovsky. God fornøyelse.

Saka om Musikforening-bautaen Inge Olsen kan du lese her.

Det er duka for kulturfest i fabrikken.