Det hadde gått fire veker sidan første arrangement i serien Bygdapraten.

No var det klårt for nytt møte, og denne gongen var det bokbad med forfattar Siri Helle og vitjing av handverkar Rune Revheim.

Sjå heile Bygdanytt-sendinga frå arrangementet her:

I si nyaste bok, «Med berre nevane», tar Siri Helle til orde for det praktiske arbeidet. Ho skriv om kvifor ein blir litt klokare av å kunne skifte dekk på bilen, eller strikke eit plagg.

For å setja ord ut i handling bygger ho ein utedo – med brakakledning! Korleis gjekk det til?

Møteleiarar var bibliotekleiar Henrik Carlsen og ansvarleg redaktør Eirik Langeland Fjeld.