Velkommen til Bygdapraten: gratis arrangement med Siri Helle
Fysisk kulturarrangement, som óg vert strøymt her på bygdanytt.no.
Forfattar Siri Helle kjem til Bygdapraten i biblioteket i Lonevåg. Vil du óg vere der? Foto: Marit Brennset
Det har snart gått fire veker sidan første arrangement i serien Bygdapraten.
No er det klårt for nytt møte, og denne gongen vert det bokbad med forfattar Siri Helle og vitjing av handverkar Rune Revheim.
Arrangementet går føre seg på torsdag 25. februar i biblioteket i Lonevåg klokka 1900 til 2045.
- Vil du vere fysisk til stades? Det er framleis nokre ledige plassar: Sende namn og mobilnummer på e-post til oss for å melde deg på (obs! påmelding er påkrevd). På grunn av korona-restriksjonar er det berre innbyggjarar i Osterøy som kan ta del i det fysiske arrangementet.
Bygdanytt sender arrangementet digitalt her:
I si nyaste bok, «Med berre nevane», tar Siri Helle til orde for det praktiske arbeidet. Ho skriv om kvifor ein blir litt klokare av å kunne skifte dekk på bilen, eller strikke eit plagg. For å setja ord ut i handling bygger ho ein utedo – med brakakledning!
Vil du vite meir? Få med deg Bygdapraten!
Møteleiarar er bibliotekleiar Henrik Carlsen og ansvarleg redaktør Eirik Langeland Fjeld.
Mest lest akkurat nå
Faren skal ha misbrukt datteren sin i flere år
Rektoren kan juble: – Fantastisk!
Sjokkert over at kommunen har stemna han for retten
Etter fem tøffe år, har Lerøy Fossen fått ny vind i segla
Kommunen blar opp for å realisera dette næringsområdet
Konsernet med historisk auke: – Me skulle gjerne hatt meir å gjere
Flere artikler
- KULTUR
Bygdanytt introduserer møterekkje – velkommen til Bygdapraten
- NYHEITER
Er kommuneøkonomien på fattigkassa? Sjå heile debatten her!
- NYHEITER
Rektor og kommunen får kritikk i rapport – fann fleire lovbrot
- MEININGER
«Me er fleire foreldre som vert både oppgitte, sinte og lei oss»
- MEININGER
Derfor bør Osterøy ha reinhaldet i eigen regi
- NYHEITER
Sjekk kven som har starta opp ny bedrift i desember – og kven som gjekk konkurs