Margrethe (12) og Sigurd Sørheim (10) frå Vikno, ved Haus, har til saman lese 28 bøker sidan 1. juni i år. – Alle burde lese meir. Ein får med seg detaljar i bøker som ein ikkje får på film, fortel lesehesten Margrethe mellom hyllene på biblioteket i Lonevåg. Foto: Anders Totland

Lesehestane

41,4 prosent av alle barn mellom 6 og 13 år på Osterøy er med i biblioteka sin Sommerles-kampanje. Frå Vikno kjem det to ekstra ivrige lesehestar.