Osterøy bibliotek og Bygdanytt inviterer til eit nytt møte i serien “Bygdapraten”.

Denne gongen vert det bokbad med Maja Lunde. Ho har skrive ei rekke bøker kor ulike dystre framtider får spela seg ut. Det handlar om insektdød, tørke, og artsutrydding i stor skala.

Våren 2020, når land etter land blei lukka ned og media blei fylt av korona-stoff, måtte ho leggja arbeidet med ein fjerde dystopisk roman til sides.

Kva kan ein forfattar som har fordjupa seg i alt som kan gå gale i vårt samfunn, seia oss om å forholda seg til ein usikker samtid?

Forfattar Maja Lunde er gjest i Bygdapraten, som vert sendt direkte på bygdanytt.no i kveld.