Fredag skal ni deltakarar kjempa om to finaleplassar i den niande sesongen av TV 2-programmet.

Med rørande musikk kapra ostringane og resten av Bergen Shantykor i mars seg ein plass i semifinalen, der sjåarane no har makt til å avgjera vegen vidare.

Første gong vi såg karene i programmet, sørgde dei for humor, god stemning og ikkje minst flott musikk i første auditionrunde.

No har dei fire dommarane mista makta og det er opp til sjåarane å avgjera kven som går vidare til finalen.

– Vi har gått vidare fordi vi har vist eit større spenn enn det dommarane trudde vi hadde. Vi skal halda fram å visa variasjon og gje fengjande musikk. Låten vi skal framføra i semifinalen er ein litt annan sjanger, men eg trur han vil gå rett inn blant folket, for det er ein kraftig song med meir trøkk, sa Bjørn Tore Henriksen frå Eikeland til Bygdanytt då semifinaleplassen vart sikra.

Sendinga startar klokka 1930.