Lars Fjeldstad (Sp) er glad i godt handverksøl. Difor fekk han æra av å vere den første som spratt ein ølboks på Tøsse brygghus i mølla. Alle foto: Anders Totland.

Spratt i gang øl-eventyret på Tøsse brygghus

Etter tallause timar med hardt arbeid og seks, sju millionar kroner i investeringar, så kunne endeleg dei første boksane med øl trille ut av brygghuset på Tysso. – Eit eventyr, seier ølelskar Lars Fjeldstad (Sp).