Mimir Kristjansson har skrive boka «Mamma er trygda». Foto: Ihne Pedersen/Rødt (CC 2.0)

Osterøy bibliotek og Bygdanytt inviterer til tredje møte i serien “Bygdapraten”.

Denne gongen vert det bokbad med Mimir Kristjansson, forfattar av boka “Mamma er trygda”.

Med oss har vi óg kommunaldirektør for sosial, bustad og arbeid i Bergen kommune, Tommy Johansen. Johansen har tidlegare vore assisterande fylkesdirektør i Nav Hordaland.

I "Mamma er trygda" fortel sonen - Mimir Kristjansson - den rørande historia om mora si, som vert sjuk og hamnar på Nav.

Gjennom historia om mora og familien sin tek Kristjansson eit oppgjer med trygdesystemet, eit system han meiner er prega av mistru frå A til Å. Det vert ei personleg historie med politiske over- og undertoner.

For Mimir Kristjansson er ikkje berre forfattar. Han er óg ein raudglødande politikar for partiet Raudt, ein engasjert samfunnsdebattant og dessutan reality-deltagar!

Vi skal innom alle rollene, men først og fremst snakke om “Mamma er trygda” denne kvelden.

Og korleis ser problemstillingane i "Mamma er trygda" ut frå stolen til ein noverande kommunaldirektør og tidlegare Nav-leiar? Tommy Johansen har eit dypt engasjement for innordninga av ytingane vi har i den norske velferdsstaten.

Arrangementet vert gjennomført som eit fysisk møte i biblioteket i Lonevåg, med 20 personar i salen og 2 meter avstand.

Hendinga vert óg streama på nett (bygdanytt.no), og opptaket vil vere tilgjengelig ein periode i ettertid.

Sjølve Bygdapraten #3 går føre seg torsdag 25. mars klokka 1900 , og vert leia av bibliotekar Henrik Carlsen og ansvarleg redaktør Eirik Langeland Fjeld.

Påmelding

* Arrangementet er no fullt.