Ivar Gubberud i Muséet Gamle Vossebanen fortel til Bygdanytt at det er ei sann glede å motta denne elektriske skiftetraktoren frå 1936. – Han har kome i gode hender. Foto: Anders Totland

Elektrisk lykke for togentusiastane på Garnes

Fredag kunne Ivar Gubberud og resten av gjengen i Muséet Gamle Vossebanen glise breitt. – Det er ein gledens dag, fortel tog-eldsjela etter å ha tatt imot eit tog-klenodium frå 1936.