17. mai-feiringa: Tips oss, og send gjerne bilete
Vi håpar alle får ein fin dag, og vi ønskjer å visa feiringa i all si prakt i avisa.
- Anders Totland
- Kyrre Styve
Feiringa av nasjonaldagen vart i fjor sterkt amputert av koronapandemien.
Også i år blir det ei annleis feiring. Men vi håpar og trur at det blir ein kjekk dag, og sjølvsagt har vi journalistar ute for å dekkja feiringa.
Kor bør vi vera på 17. mai? Kva bygd eller nabolag har noko kjekt på gang? Kva familie skal gjera noko ekstra gøy? Er det nokon som skal oppretthalda ein mangeårig tradisjon? Eller må nokon leggja tradisjonen på is på grunn av smittevern? Send oss gjerne tips på tips@bygdanytt.no, slik at vi kan formidla stemninga.
På sjølve dagen ønskjer me også bilete frå lesarane, gjerne med ein kort tekst til. Del gjerne bileta med oss. Hugs å merka bilda med #bygdanytt når du legg dei ut på sosiale medium.
Tradisjonen tru samlar me inn 17.mai-program frå dei ulike bygdene i Arna og på Osterøy. Send inn ditt program til vår journalist Anders Totland (at@bygdanytt.no)
Mest lest akkurat nå
Kven tener mest av rektorane i Arna og Osterøy? Her får du heile oversikta
Julie og Henrik er sjukeheimen sine «reddande englar»
Kjørte utfor og forlot bilen i en elv. Så skal han ha dratt hjem og drukket
Trafikkulykke på Valestrandfossen
Sjørøvaren Oliver (6) koste seg glugg i heil på Tyssemarknaden
Nytt dyrepensjonat og honning-sal - sjekk kva dei nye bedriftene skal drive med