Jakob Sande sitt liv frå start til slutt blir ærbødig skildra av revygruppa til Valestrand Ungdomslag i framsyninga «Livet, orda og songen». To timar med skjemt og alvor. - Det er ein draum som blir oppfylt, seier manus og regiansvarleg Anne Liv Storevik. Foto: Anders Totland

Jakob Sande-hyllest i stappfull Kongshall

Revygruppa frå Valestrand serverte publikum ei god mengde med vestlandsk kjærleik, latter og tårer søndag ettermiddag. Samt eit lite politisk bodskap dandert inn i programmet.