I mai omtalte Bygdanytt plana om å opna eit bibliotek i Indre Arna, som ein del av ei større endring av bibliotekstrukturen i Bergen kommune.

Planen vart vedteken då bystyret i Bergen handsama saka onsdag.

Arna har allereie eit bibliotek i Ytre Arna, men med sine 3400 besøk var det biblioteket i Ytre Arna som hadde dårlegast besøk av alle i Bergen i fjor.

Tanken er difor at eit bibliotek i Indre Arna vil trekkja til seg fleire folk frå heile bydelen. Biblioteket i Ytre Arna har i dag korte åpningstider, lite personale og færre tenester enn dei større biblioteka.

3,7 millionar

Det nye biblioteket i Indre Arna skal kosta om lag 3,7 millionar kroner og ha 6,9 millionar kroner i årlege driftsutgifter.

Kulturbyråd Julie Andersland har tidlegare uttalt til Bygdanytt at ho diverre ikkje kan lova bibliotek i Indre Arna med det aller første.

– Det er nok ikkje mogleg å få eit bibliotek på plass i denne bystyreperioden, med berre halvtanna år igjen. Dermed er dette noko vi må sjå på etter valet neste år, sa ho.

Uviss plassering

Plasseringa er ikkje avklara, men Andersland nemner at Øyrane Torg vil vera ei god plassering, dersom det er høve til det.

Det er ingen planar om å leggja ned tilbodet i Ytre Arna når den nye filialen er på plass, ifølgje Andersland.

Medan kommunen ventar på det nye biblioteket i Indre Arna, vedtok bystyret at åpningstidene i Ytre Arna skal utvidast.