På kort tid har foto-dyktige Bygdanytt-lesarar gitt oss det eine vakre naturbiletet etter det andre.

Solskin, regn, skyer, fjellturar og blomar er noko av det som har komme inn. Og det er ikkje for seint å dele dine sommarbilete.

Del dine blinkskot ved å merke bileta med #bnsommar17 på Instagram, send dei på e-post til bn@bygdanytt.no eller på ei innboksmelding på vår Facebook-side.

Har du tatt bilete av årets største sommarsmil? Har du blinkskot frå eit hopp i sjøen? Barn som leikar ute? Eller gode vener som nyt ein herleg sommardag? Del dei med oss - så vi kan dele dei vidare!

Følg oss gjerne på Instagram.

God sommar!