I den store svingen ved innkøyrselen til Litland står det fem trillebårer med fargerike blomar. – Eg vil at folk som er på veg til jobb skal vakne opp av å sjå litt fargar. Det viktigaste for meg er å spreie glede i kvardagen, seier ein smilande gartnar Berge Audun Litland frå Litland. Alle foto: Anders Totland.

«Blomegeneralen» Berge (84) søkjer arvtakar

– Plantane har gitt meg eit godt liv og ein god alderdom, seier Berge Audun Litland. No vil han føre blomearven vidare.