«Frida» er ein av mange kvinner som lever med ein valdsalarm. – Eg føler det er eg som blir straffa medan mannen går fri. Det er ikkje rettvist, seier trebarnsmora frå Bygdanytt sitt nedslagsfelt. No bur ho på hemmeleg adresse i ein av omegnskommunane til Bergen. Foto: Anders Totland

Fengsla bak gardinene

Småbarnsmora «Frida» fryktar for livet sitt: – Eg har nærmast budd ved vindauget i fire månader no for å sjå om han kjem, fortel ho og kastar eit blikk på valdsalarmen.