I litt over tre år har Elisabeth møtt opp i den sosiale gruppa til Osterøy kommune. I to-tre timar kvar veke får ho møte andre som har gått, eller går gjennom ein motbakke i livet. – Å setje fokus på psykisk helse er utruleg viktig. Alle kjenner på at det kan vere tøft i blant, seier ho. Foto: Anders Totland

Eit par timar med solgløtt i ein beintøff kvardag

– Eg veit ikkje kor eg hadde vore i dag om eg ikkje hadde hatt dette tilbodet, fortel Elin i den sosiale gruppa på Kroken i Lonevåg.