Grunneigarane Tormod Andreas og Aslaug Hanstvedt fryda seg over arbeidet eldsjeler har lagd ned i det nye Hanstveitholmen friluftsområde i Fotlandsvåg. – Det er meir enn ein badeplass, fortel fotlendingen Tormod Andreas. Alle foto: Anders Totland.

Tormod Andreas og Aslaug trudde ikkje at området kunne bli så flott: – Me har ikkje ord

Kva får ein med godt over 700 dugnadstimar, iherdig kommunal innsats og solid økonomisk hjelp frå Bergen og Omland Friluftsråd? Jo, eitt av Osterøys flottaste rekreasjonsparadis.