Det er tre ting i livet som er viktige for den eksentriske Farmen-kjendisen Raymond Røskeland (36) frå Røskeland på Osterøy: Gravemaskina, familien og fridomen. – Meir enn det treng eg ikkje i livet, fortel han på terrassen hos pappa Jan Willy Røskeland. Alle foto: Anders Totland.

Rallaren frå Røskeland

På eit blunk har Raymond Røskeland blitt rikskjendis, noko tobarnsfaren tar med knusande ro. – Eg er meg sjølv 110 prosent, både på godt og vondt, seier den frittalande 36-åringen frå Osterøy.