Rett etter krigen fann Aud og Kjell Bjørnestad kvarandre i veveriet i Arne Fabrikker i Ytre Arna. – Det har berre vore oss to gjennom eit heilt liv. Me er så glade for å kunne bu på same sjukeheim, seier Aud og får eit kyss frå sin kar. Foto: Anders Totland

Ein kjærleik som aldri forvitrar

Kjærasteparet Aud og Kjell Bjørnestad har snart vore gifte i 68 år. – Ho er den skjønaste «småpiken» eg kjenner, seier ein rørt Kjell frå godstolen på sjukeheimen i Arna.