Hosanger er plassen for Andreas Elvik Litland. I frå sitt spartanske innreda krypinn i naustet ved fjorden klekkar han ut gode, og nokre gonger, mindre gode idéar som ikkje alltid får sjå dagens lys. Foto: Anders Totland

Stafettpinnen: Gründer-spiren frå Øvre Mjøsdalen

Trebarnsfar, ølbryggar og oppriktig opptatt av å samla krefter i naturen, syntest Andreas Elvik Litland (29) at folk brukar alt for mykje tid på mobilen. - Skru av, ta deg ein tur på ei vidde der det ikkje er dekning, så har ein det så mykje betre, fortel den idérike karen.