I godt over 20 år har Geir Bjørsvik, opprinneleg frå Ålesund, speida etter våre fjørkledde vener i lufta. – Det gjev meg ei ro, men også spenning når eg er ute med kamera og kikkert, fortel hobbyornitologen i Haus. Foto: Anders Totland

Fuglevenen i Haus

Etter at Geir Bjørsvik slo seg ned på landet, trong familiefaren ein hobby samstundes som han kunne vere i pakt med naturen. Han oppdaga våre fjørkledde vener i lufta.