Tøffingen Hans Olav Olsen Hagen (i midten) frå Fotlandsvåg er ein ekte friluftsgut. – Å vere ute, fiske og skyte pil og boge er berre perfekt seier han. Her er han med kompisane Mons Anders Hauge (t-h) og Mats Gerhardsen etter ein fisketur på Husavatnet. Alle foto: Anders Totland.

Ein ny generasjon friluftselskarar veks fram

Opp mot 30 solhungrige ostringar dukka opp til idyllisk aktivitetsdag ved Husavatnet fredag. – Å sjå så mange unge som trivst i naturen gjev meg enormt mykje glede, seier grendarådsleiar.