Samhaldet og humøret er på topp hos Tysse-folket. Dei har mange ønskje for framtida, men er realistiske. – Berre me får behalde butikken og arbeidplassane våre, så kan me vel seie oss nøgde, seier grendarådsleiar Atle Haukøy. Alle bilde: Anders Totland.

Bygdefolket som aldri gjev opp

På 20 år har Tysse mista nesten 30 prosent av innbyggjarane. Me tok oss ein tur til den nye kaffikroken i bygda.