Kvar tysdag tar Aslaug Hagebø (98) på seg finstasen for å vere med dei eldre i dagsenteret på Smøiatun i Fotlandsvåg. Men i desse dagar møter ho stengde dører. – Det er eit stort sakn, for dagsenteret betyr mykje for dei eldre her i bygda, fortel ho. Foto: Alle foto: Anders Totland

Fotlandsvåg - eit samfunn sett på vent

Bortsett frå Joker-butikken og nokre lys i fabrikkane er det temmeleg daudt i fjordbygda ved Osterfjorden. Men håpet om lysare tider lever i beste velgåande blant dei stolte fjordstrilane.