Johannes Revheim er ein av om lag 2300 unge mellom 19 og 25 år som kvar år opplever at ein av foreldra får påvist ein kreftsjukdom. – Det er viktig å ha ein open dialog om dette temaet, for det er mange der ute som har det tøft. Dei skal vete at dei ikkje er åleine. Foto: Anders Totland

Johannes (19) vil gje dei pårørande eit ansikt

– Om ikkje mora mi hadde hatt tilgang på kreftmedisinen, så er det ikkje sikkert ho hadde vore med oss i dag, seier Johannes Revheim.