Heilt frå Mons-Ove Hauge var ein liten pjokk på garden på Hauge, har han tatt ansvar og fått utvikla seg sjølv. – Eg trur eg har mykje med meg i bagasjen frå tida mi på Osterøy, seier den utflytta ostringen, som i dag er sjef for Endur Sjøsterk AS – eit entreprenørfirma som konstruerer fôrflåter til mellom anna oppdrettsnæringa. Alle foto: Anders Totland.

Frå bødn på «Hauå» til eventyrleg betongsuksess

Med rundt 30 års leiarerfaring har gründer og dagleg leiar i industrikonsernet Endur Sjøsterk AS, Mons-Ove Hauge, tatt med seg verdifull lærdom frå barndommen på Osterøy.