Nils-Aksel Danbolt Mjøs er opphaveleg frå Stord, men har budd mange år på Osterøy – kor han, mellom anna, jobba som sokneprest. – Eg har mange gode minne frå tida mi på Osterøy, og eg saknar øya ofte, seier den sindige 85-åringen. Alle foto: Anders Totland.

Møteplassen som varmar

Kvar dag i all slags vêr og vind dukkar tidlegare prest Nils-Aksel Mjøs opp i Krohnhagen kafé og veksthus. – Kaféen er ein viktig møteplass for meg og mange andre, seier 85-åringen.