Dette om lag 60 kvadratmeter store våningshuset i Bakkjen, ved Bullahuset, er eit av Osterøys eldste hus – om ein ser bort i frå Gulliksbua på Havråtunet. Alle foto: Anders Totland.

Huset i Bakkjen – ei kulturhistorisk perle

I rundt 400 år har det vesle huset på Valestrand stått i mot vêr og vind. – For oss er det viktig å ta vare på huset, seier eigar Ingvild Stuberg.