Bygdanytt tok turen til Magne og Signhild under pandemien for å sjekke pulsen på den populære utestaden på Valestrand. No må Signhild styre «Bullakroa»-skuta vidare på eige hand. – Eg saknar han så enormt mykje. Magne hadde alltid eit smil på lur, seier ho. Foto: Anders Totland (arkiv)

«Mister Bullakroa» tapte kampen mot kreften: – Det er eit stort tomrom

– Magne var ein open og blid person som alltid hadde ein artig kommentar på lur. Ein ekte tjuagut, fortel Signhild Vevle etter at ektemannen gjennom snart 50 år gjekk bort nokre dagar før jul i fjor.