Det er om lag fem månader sidan Kåre Johans Teigland si kone gjennom over 50 år gjekk bort. – Saknet er stort. Det er tungt, seier 78-åringen. Foto: Anders Totland

Kåre ønskjer ein livssynsnøytral plass for feiring og sorg

Kåre Johan Teigland er døypt og konfirmert i kyrkja. Han gifta seg i Guds hus. – Men det var på grunn av tradisjon og ikkje tru. Osterøy kommune bør kunne tilby eit livssynsnøytralt lokale til folket, seier pensjonisten.