For Amalie Hjellvik Wiggin (8), Magnus Hjellvik Wiggin (10) og Maria Holsen Tysse (9) i midten, kom nyheita om mogleg nedlegging av tre trinn ved skulen i Fotlandsvåg nesten som eit sjokk. – Me har det godt i Fotlandsvåg, og det er der me høyrer heime. Me vil ikkje flytte til Lonevåg, uttrykker trioen bestemd foran skiltet til kommunesenteret på Tysso. Alle foto: Anders Totland.

Tysso-elevar med klar tale til kommunen: – Me vil ikkje flytte!

For elevane Amalie (8), Maria (9) og Magnus (10) vil ei eventuell nedlegging av 5. til 7. trinn ved Fotlandsvåg skule få store konsekvensar.