I over 20 år har familiefaren, bondesonen, Sp-politikaren, brannkonstabelen og bilmekanikaren Helge Edvardsdal (37) drøymt om å eige ein DeLorean. Men, det er absolutt ikkje det einaste han har drøymt om. Alle foto: Anders Totland.

Bier, brann og «back to the future»

– Det viktigaste for meg er å gjere ein forskjell for andre, seier Sp-toppen Helge Edvardsdal (37) frå Valestrand.