Den pensjonerte kjøpmannen Nils Thunestvedt sit på enorme mengder av verdifull informasjon frå tida då Haukeland var eit yrande knytepunkt. – No er veldig mykje vekke og det er trist, fortel 98-åringen. Foto: Anders Totland

Kjøpmannen sine minne frå ei svunnen tid

Bak tala til kundane i «krite-bøkene» til kjøpmann Nils Thunestvedt frå Haukeland skjuler det seg mange triste skjebnar. – Men så har eg møtt mange herlege folk òg, smiler 98-åringen.