Sjølv om Matias Hagenes meldte seg på årets utgåve av Farmen, blei han ikkje valgt ut. - Her på Havrå leikar me ikkje Farmen. Me er Farmen, flirar altmoglegkaren Matias. Foto: Anders Totland

Stafettpinnen: Havrå-Matias leikar ikkje Farmen

Matias «Hage» Hagenes er ein impulsiv kar som gjerne vil bli pilot, skogsarbeidar i USA eller siviløkonom. Akkurat no finn du den spretne 20-åringen i klyngetunet på Havrå.