Å leve på lånt tid

I 2014 fekk Kjell Thomassen beskjed om at han hadde få månader att å leve. Det har no gått seks år...

– Legen sa: «Du er heldig om du klarer å kome deg gjennom nokre månader». Og no sit eg her - seks år etter og pratar med deg, fortel ostringen.

Kjell Thomassen (55) har vore ein aktiv sjømann i heile sitt vaksne liv. I 2014 tok livet ei dramatisk vending. Foto: Anders Totland

Ei enkel blodprøve kan ha redda livet til Trond

«Faen, pappa. Kreften arva eg av deg, humoren fekk eg av mamma», tenkte Trond Lillejord då han fekk beskjeden av legen.

For to år sidan var Trond Lillejord (57) ute og sprang. Plutseleg kjente han på hjerteflimmer – eller urytmiske hjarteslag – under joggeturen.

For to år sidan fekk Trond Lillejord beskjed om at han hadde ein mild variant av prostatakreft. – Hadde ikkje eg sjekka meg, så veit eg ikkje kva som hadde skjedd, fortel firebarnsfaren. Foto: Anders Totland

Sjukdommen Magne truleg aldri blir kvitt

For ni år sidan var Magne Hauge (62) på ferietur i Roma. Då han skulle tørke seg etter ein dusj oppdaga han noko som ikkje stemte.

– Eg kjende ein gigantisk kul i lysken - på storleiken med eit egg. Det var ikkje ilt, men eg måtte jo finne ut kva det var, seier Hauge.

Gjennom heile livet har Magne Hauge vore ein aktiv kar som har tatt i harde tak - både på jobben i Eidsvåg og heime i huset på Rundhovde. For ni år sidan fekk han beskjeden han ikkje ville ha. Foto: Anders Totland

Jernmannen og den pinlege sjukdommen

I 2005 kjende Mikkel Ørskov at noko var gale i den eine testikkelen. Han trudde det var fordi han sat for mykje på spinningsykkelen.

Der tok tobarnsfaren grundig feil.

Beskjeden frå spesialisten var brutal - eit skikkeleg slag i trynet.

Når Mikkel Ørskov ikkje sit foran pc’en i sitt heimekontor i Indre Arna, tar han seg gjerne ei treningsøkt i kjellaren. – Trening og fysisk aktivitet er alfa og omega. Foto: Anders Totland

Du skal aldri einsam gå

I desember 2019 oppdaga Geir Steinar Dale at noko var gale. Heldigvis var familien og ei legendarisk hymne med han heile vegen.

«Walk on, walk on. With hope in your heart. And you'll never walk alone You'll never walk alone.»

– Slagordet betyr mykje for meg. Eg trur at gjennom fellesskap bygger ein styrke, legg han til og tar ein slurk av kaffikoppen.

Ap-toppen Geir Steinar Dale frå Ytre Arna oppdaga noko i 2019 som ikkje stemde. Foto: Anders Totland

Andre relaterte saker

Gjennom vår ferd i temaet, har me besøkt Vardesenteret i Bergen og Kreftforeningen.

Desse to sakene kan du lese her i lenkene under: