Rektor Harald Borge (t.h.) på Fridalen skule, som ligg nokre steinkast frå Brann Stadion, og Jarle Nymark Johannessen i NAV tykkjer det er strålande at Stine Børstad har fått seg fast jobb. Foto: Ronny Bertelsen

Stine måtte kjempa i åtte år før ho fekk seg jobb

For åtte år sidan blei Stine Børstad frå Arna ferdig utdanna barne- og ungdomsarbeidar. Først i august fekk ho endeleg jobb. Då møtte ho ein arbeidsgjevar som såg forbi dei amputerte fingrane.